Onsdag 20.01. kl 18.30 er det klart for fyrste renn i Fjord1 cupen med storslalomrenn for barn opp til 15 år.
Målsetjing
Rekruttere fleire løparar i alderen 8 år og yngre og fram til 15 år til konkurransar i alpint.
Konkurranseopplegg
Det blir arrangert 3 rekrutteringsrenn i kvar sone (Nordfjord, Sunnfjord og Sogn), der 2 renn er teljande i tillegg til finalen. I alt 3 teljande renn.
Poengfordeling
1. plass - 26 poeng
2. plass - 22. poeng
3. plass - 19 poeng
4. plass - 17 poeng
5. plass - 16 poeng
6.-20 plass gir 15 - 1 poeng.
Lik plassering gjev lik poengsum. Plassen bak skal då hoppast over.
Premiering
Kvar arrangør står ansvarleg for premiering til løparane under sonerenna.
I finalen held Skikrinsen premiar for dei 3 beste i klassane 11 år, 12-13 år og 14-15 år, samt ein Fjord 1 deltakarpremie til alle som deltek i finalen.
Finale arrangøren held premiar etter NSF sitt regelverk.
Frist for påmelding
Kvelden før rennavvikling
Løypesetjing og disiplinar
Løypene skal vere enkle, utfordrande og morosame å køyre.
Disiplin: SSL