| Skulekøyring |
|
|
torsdag, 17. mars 2011, 09:30 - 14:00 |
|
|
|
Vi er no inne i den perioden der skulane brukar å avvikle skidagar. Det er meldt bra denne veka og fleire skular har meldt sin ankomst. Slik det no ser ut vil fjellheisane og Enerskiheisen vere opne tysdag onsdag og torsdag frå kl 09.30 - ca kl 14.00. Det er fine forhold og god plass i løypene, så alle er velkomne til fine skidagar.
Vi reknar med at fleire skular vil melde seg på, og eventuelle endringar i opningstider blir annonsert her fortløpande. Billettpris på skuleskidagar er kr 180,- Prisen er lik for alle uansett alder, om du er skuleelev eller ikkje.
|