|
Bygging av Kjenndalsheisen er i rute |
|
lørdag 21. august 2010 |

Takka vere god innsats av dei tilsette i skisenteret og stort oppmøte på dei faste dugnadskveldane og laurdagar, er bygging av den nye heisen i god rute. Dugnadsinnsatsen har så langt vore mest innretta mot heishuset, som no snart er ferdig utvendig.
Vegen til topps er no godt køyrbar, og vi har også fått ny veg til toppen av dei gamle heisane, noko som lenge har vore sakna. Dette vil føre til at vi kan gjere meir av vedlikehaldsarbeid og reparasjonar i sommarhalvåret.
Vi er også komne langt med støyping av fundamenta til heismastene. Vi har leigd inn ein dumper med betongtrommel som vi brukar til dette arbeidet, og på den måten slepp vi å leige helikoptertrasnport som ellers ville vore alternativet. Det er store mengder betong som skal transporterast. Berre til toppfundamentet gjek det med ca 40m3.
Sjå fleire bilete frå arbeidet her..
|
|
|
Setervandring på Naustdalsetra |
|
søndag 15. august 2010 |
|
Setrevandring på Naustdalssetra søndag 15. august kl 12:00. Oppmøte Harpefossen.
Arrangementet er gratis, sal av sveler og kaffi. Lokalkjende folk vil fortelje om historia og livet for folk og dyr på setra fram gjennom tidene.
|
|
|
fredag 06. august 2010 |
|

I samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerar vi konglevandring på Harpefossen søndag 8. august kl 12.00-16.00.
Det blir
rebusløype med gullkongler, skyting og hesteskokasting. Premier, pølse og brus
til barna. Pølse, brus og kaffe til salgs for voksne. Hesteriding.
Nordfjord Vandrefestival
arrangerar tur frå Vårsetra til Harpefossen denne dagen, slik at
deltakarane på denne turen kan vere med på arrangementet på Harpefossen.
Oppmøte på Gamlebanken
turistinfo kl 9:00. Gratis buss fra Gamlebanken til Vårsetra.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 1 - 10 av 162 |