|
torsdag 15. januar 2009 |
|

Når vi startar opp snøproduksjonen etter ein mildversperiode som vi no har lagt bak oss, kan ein kjenne seg i slekt med Sisofys, du veit han som etter legenda fekk som straff til evig tid å rulle ein stein opp ei bratt fjellside, for å oppleve at steinen heile tida trilla tilbake til utgangspunktet. No rullar vi ikkje steinar opp fjellsidene her på Harpefossen, men vi hentar vatn i Hjalma, som vi pumpar gjennom snøkanonene, for så å oppleve at mildveret smeltar snøen og sender vatnet attende til Hjalma.
Ved nærare ettertanke er kanskje ikkje slektskapet so nært, meir som ein firmenning frå indre Sogn, for Sisofys måtte heile tida tilbake til utgangspunktet, mens vi ser at mykje av kunstsnøen overlevde mildveret, slik at vi fortsatt kan tilby fine forhold i alle traséar og løyper.
Men ein ting har vi fullt ut til felles med Sisofys: Vi gjev aldri opp!
|
|
|
mandag 12. januar 2009 |

For å kunne ha eit betre tilbod av aktivitetar for born og vaksne, bedrifter og grupper her på Harpefossen, har vi innleia eit samarbeid med Rogier van Oorschot som bur på Davik i Bremanger kommune. Rogier har etablert sitt eige opplevelsefirma: Norway-Adventures. Han har mange års erfaring med å arrangere opplevelseturar ute i naturen, og kan tilby eit stort spekter av aktivitetar og opplevelsar for born og vaksne med skisenteret og varmestova som base.
Fyrste gongen dette skal prøvast er komande fredag kveld. Då arrangerar Rogier skileik for born, samtidig som Haugen IL, alpingruppa held alpinkurs for vaksne. Vi veit ikkje heilt kva Rogier har funne på av leik og moro denne kvelden, men kjedelig blir det heilt sikkert ikkje.
I vinterferien vil Rogier lage til ein spanande snowcamp for ungdom, seinare blir det freeridekurs og måneskinstur for vaksne, for å nemne noko.
Påmelding: tel 99404207 eller e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
.
|
|
|
Akekonkurranse i kveld kl 19.00 |
|
fredag 09. januar 2009 |
Denne sesongen tenkjer vi å arrangere akekonkurranse i skileikområdet enkelte fredagskveldar, og vi startar opp i kveld.
Konkurransen startar kl 19.00, men du kan prøve kjelkane og løypa frå kl 18.00. Du må vere over 10 år for å kunne køyre åleine, men kan køyre saman med ein vaksen om du er yngre. Kjelke får du leige i billettbua for kr 50,- Fine premiar både til vinnarar og andre.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 101 - 110 av 162 |