Untitled Document
KLIKK FOR MEIR INFO
Framside
Løyper og heisar
Billettprisar og opningstider
Skiutleige/skiverkstad
Vinteraktivitetar
Skiskule
Kontakt oss
Dugnadsarbeid
Vaktliste og prosedyrer
Marknadsplassen
Varmestova
Vêrmelding
Vérstasjon


Om Harpefossen Hyttegrend
Harpefossen Hyttefelt
Furuhogane Hyttefelt
Naustdalsetra Hyttefelt


Kalender
Ingen hendelser

Velkomen til Harpefossen Skisenter!

Mai 2012.
Påska er over og sesongen er slutt. Etter ein periode frå vinterferien til påske med mykje regn og mildver, fekk vi heldigvis attende litt vinterver rett før påske slik at trafikken og omsetninga i påskeveka blei bra, og sesongen totalt sett ikkje blei så aller verst.

<><><><><>infoboks_web.jpg 
Status heisar og løyper:   12.04.2012.
H-heis (fjellheis vest) Stengt for sesongen
J-heis (fjellheis aust) Stengt for sesongen
Kjenndalsheisen Stengt for sesongen
EnerSkiheisen Stengt for sesongen
Minitrekk aust og vest Stengt for sesongen
Opne alpinnedfartar Stengt for sesongen
Opne turløyper: Stengt for sesongen  
Løypekart

Get Adobe Flash player
Skisesongen er slutt

tirsdag 24. april 2012

Sjølv om det framleis er bra med snø i fjellet og i traseane på Furuhogane, har vi innsett at våren er komen og skisesongen er slutt for i år. Vi takkar alle våre gjestar og alle trufaste dugnadsarbeidarar for ein fin sesong, og ynskjer alle vel møtt til ny skisesong i november/desember.

Byggeklare hyttetomter på Furuhogane
lørdag 31. januar 2009

furuhogane_paaskestemning.jpg

Etter at så og seie alle tomtane i Harpefossen Hyttefelt er selde - og mange hytter er tekne i bruk - tilbyr vi no byggeklare tomtar i Furuhogane Hyttefelt. Her fins  dei finaste og mest attraktive hyttetomtane i heile fjorden.  Opp mot skoggrensa, i eit snøsikkert område, er det planlagt totalt 62 tomtar i eit flott  sørvendt område, med open lauvskog og fantastisk utsikt nedover dalen og fjella sørover mot Ålfoten, med lett og fin tilkomstveg og ski inn-ut.
Vår lokale kontaktmann er Reidar Vonheim . Han stiller opp for omvisning i hyttefeltet, og kan bidra med utfyllande informasjon. For tida tilbyr vi no gratis heiskort for alle som kjem på visning. Reidar  treffast på telefon 901 53 660.

I fotoalbumet vårt  har vi laga eit album frå hyttefeltet på Furuhogane. Her kan du sjå bilete av området  og utsikta frå ein del av tomtane. Albumet finn du her...

Les meir om tomtestorleik og prisar i Furuhogane Hyttefelt her

 
"Ny" skiutleige opna denne veka
fredag 30. januar 2009

skiutleige_oversikt_jan09.jpg

Vi har no opna "ny" skiutleige i kjellaren under varmestova. Her  kan du leige nytt og moderne skiutstyr til fornuftige prisar. Vi har alpinutstyr, snøbrett og turski, alt er nytt og av god kvalitet.
Vi har også briller, fangreimar, luer og vottar til sals.

Vi kan også tilby preparering av ski og snøbrett. Dette omfattar voksing av såle og sliping av stålkantar. Vi er sjølvsagt også hjelpsame  med justering og innstilling av bindingar.

Opningstider og prisar finn du her...
Skiutleiga er i prinsippet open når skiheisane er opne. Om du skulle møte stengt dør, ber vi deg ta kontakt enten med kiosken i varmestova eller  billettbua. 

 
Formannskapet på synfaring
fredag 23. januar 2009

formannskapet9_jan09.jpg
Vi har ei stund arbeidd for å få den politiske leiinga i Eid med på ei synfaring her på Harpefossen, både for å vise fram alt som har skjedd av utvikling dei siste åra, og ikkje minst for å informere om det neste store utbyggingsprosjektet - fjellheisen på Furuhogane. I går hadde formannskapet lagt møtet sitt til varmestova her i skisenteret, og i framkant av møtet fekk dei seg ein rundtur i området, og fekk sett på hyttefelta og området der den nye fjellheisen er planlagt.
Tilbake i varmestova fekk dei servert ein fyldig presentasjon av planane våre, samt eit godt måltid mat. Velviljen og tilbakemeldingane og  frå politikarane var eintydig positive etter synfaringa og presentasjonen, (sjølv om somme kanskje hadde kledd seg i tynnaste laget i den friske vinden oppe i fjellet)  Så då gjenstår det å sjå om entusiasmen og  velviljen er like stor når anlegg skal prioriterast og søknader om kommunale lånegarantiar kjem på sakskartet. 

Presentasjonen Stein held for politikarane fortel mykje om  den positive utviklinga dei siste åra og mykje om planar framover. Den er absolutt verd å kikke på, og du finn den her...
Under kan du sjå fleire bilete frå synfaringa. 

Les meir...
 
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Neste > Slutt >>

Resultat 191 - 200 av 257

Faste opningstider:
Laurdag og søndag:
10:30 - 16:30
Tysdag, torsdag og fredag: 
17:30 - 20:30 





bookinglogo_transp.gif
alpepass_blaa.jpg 
8 skisenter - meir enn 30 heisar 
over 60 nedfartar
 

 hovudsponsor_gronn.jpg

sparebanklogo_transp.gif
 
sponsor_gronn.jpg
 sfe.gif  
 
yit.gif

logo_europris.jpg

eid_elektro_180.jpg 


Bunnpris

Coop Mega

 nordrikk_logo 2008-150pix.jpg

statoillogo_transp.gif

morelaftlogo.jpg

logo_dvergsdal.jpg

bickfoto4.jpg 

grasrotandelen_logo_rgb_125.jpg
Du kan støtte oss ved å registrere Harpefossen
Skisenter AS som mottakar av grasrotandelen
når du tippar.  Les meir her