|
lørdag 14. november 2009 |
|
Slik såg det ut rundt miniheisane og varmstova i går ettermiddag. Snøkanonene var i drift vel eit døgn i 5-8 minusgrader. Laurdag ettermiddag viser verstasjonen 8 plussgrader, men kunstsnøen er seigliva, så vi reknar med at snøhaugane blir liggande.
|
|
|
Slutt på barmarksdugnad for denne gong |
|
fredag 13. november 2009 |
|
Vi har no avslutta barmarksdugnaden på Harpefossen for i år. Vi har fått unna svært mykje arbeid og seier stor takk til alle som har stilt opp på laurdagane i haust. No er det berre å gle seg til vintersesongen. Snøproduksjonen er så smått komen i gong, og vi håpar at nedbøren kjem som snø når vi no får omslag i veret.
|
|
|
Tippaskogløypa knytt saman med Postvegen |
|
fredag 13. november 2009 |
|
Vi har nytta det fine veret siste tida til mellom anna å forlenge Tippaskogvegen heilt fram til Sevlandsetra og Postvegen over Brekka, slik at dette no blir ei kjempefin rundløype.
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 31 - 40 av 137 |