Untitled Document
KLIKK FOR MEIR INFO
Framside
Løyper og heisar
Billettprisar og opningstider
Skiutleige
Vinteraktivitetar
Skiskule
Kontakt oss
Dugnadsarbeid
Prosedyrer og vaktliste
Marknadsplassen
Varmestova/Harpefossen Event
Vêrmelding
Vérstasjon


Om Harpefossen Hyttegrend
Harpefossen Hyttefelt
Furuhogane Hyttefelt
Naustdalsetra Hyttefelt


Kalender
okt søn 03 @12:00 - 15:00
Terrengsykling (Downhill)
okt søn 03 @12:00 - 16:00
Sykkeltur til Bjørhovdesetra

Velkomen til Harpefossen!

Sjølv om det er sommar og ferietid, har vi travle dagar på Harpefossen.
Arbeidet med bygging av den nye Kjenndalsheisen er i full gang . Vi er komne eit godt stykke på veg med servicebygget, vegen/heistraseen er planert heilt til topps og vi er i gong med dei fyrste mastefundamenta.

Prosjektet  er avhengig av stor dugnadsinnsats dersom vi skal kome i mål økonomisk. Vi har også ein god del anna arbeid som skal utførast på dugnad i løpet av sommaren. Dette gjeld no i fyrste omgang rydding av kratt og steinplukking  i løypene og måling av bygningar. 
Vi har bruk for folk både i helgar og  på vekedagar, så dei som kan tenkje seg å bidra bes ta kontakt med Bjørn Kjørstad på telefon 926 86 846.

stoyping2_fundament9.jpg
 Støyping av fundamentet til mast nr 9. Fleire bilete her..
 Panoramabilete av skisenter og hyttefelt, teke 28.02.2010   klikk her.... 


infoboks_web.jpg 

 

 

 

 


 

       

Advertisement
Faste dugnadstider framover

onsdag 04. august 2010

 Dugnad på servicebygget på Furuhogane til faste tider framover: Måndag, onsdag, torsdag kl 17.30  og laurdag frå klokka 10.00.

Supperåd på varmestova
tirsdag 03. november 2009
suppe.jpgRita Nyland, som no skal stå for drifta av varmestova, vil gjerne bli kjend med miljøet og driftsapparatet i skisenteret. Ho inviterar derfor alle som tilhøyrer dugnadsapparatet i skisenteret til supperåd i varmestova fredag 13 november klokka 20.00.
Den høgst uformelle agendaen vil sjå om lag slik ut:-        
Velkomen kl.20:00.        
Presentasjon: Kort om mine tankar rundt drifta av Varmestova, og ei presentasjonsrunde rundt bordet.-       
Supperåd med mat, prat, godt drikke og alt som høyrer til. Det er fritt fram til å bidra med innslag så lenge det ikkje går ut over andre folk eller inventar (-:
Ber om svar/påmelding  innan 9.november til e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.  
eller telefon 975 99086
Ta gjerne med ”din betre halvdel”!
                                          
HJARTELEG VELKOMMEN !!!!!!
 
Helsing Rita.
 
Leiligheit til sals
søndag 01. november 2009
haukaas_stue2.jpgRomsleg leiligheit i Harpefossen Appartement til sals. Kan brukast som ferie- eller fast bustad.
Leiligheita er på 104m2 på to plan, pluss utvendig bod og  kaldloft. 
1. etg inneheld kjøkken, stove bad og entré.
2. etg  inneheld 3 soverom med tilsaman 7 sengeplassar.
Leiligheita var nybygd og teken i bruk i 2005,  og den framstår i dag like pen og velhalden som når den var ny.

Kontakt: Svein Haukås
Pilane 2
6065 Ulsteinvik
Telefon 911 81 707.

Les meir og sjå bilete her....

 
Folk til skiutleige
søndag 25. oktober 2009
skiutleige_oversikt_jan09.jpg
Vi treng ein eller fleire undommar som har lyst til å vere med å drive skiutleiga denne vinteren. Skiutleiga skal i utgangspunktet vere bemanna når heisane er opne, og som i fjor vil Anne Marie Høydal og Roger Strømsvåg ha hovudansvaret for drifta, men dei treng hjelp av fleire. Kunne du tenke deg å jobbe på kveldar og helgar med dette ber vi deg ta kontakt med driftsleiar Oddgeir Åsebø, 916 94 333
 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>

Resultat 61 - 70 av 162

 

alpepass_blaa.jpg
6 skisenter - nesten 30 heisar - over 60 nedfartar 

yit.gif

Sparebanken Sogn og Fjordane

Bunnpris

Coop Mega

 nordrikk_logo 2008-150pix.jpg

 sfe.gif

 
logo_normatic.jpg
  
logo_statoil_web.jpg

morelaftlogo.jpg


logo_dvergsdal.jpg

bickfoto4.jpg 

grasrotandelen_logo_rgb_125.jpg
Du kan støtte oss ved å registrere Harpefossen
Skisenter AS som mottakar av grasrotandelen når du tippar.
Les meir her