Untitled Document
KLIKK FOR MEIR INFO
Framside
Løyper og heisar
Billettprisar og opningstider
Skiutleige
Vinteraktivitetar
Skiskule
Kontakt oss
Dugnadsarbeid
Prosedyrer og vaktliste
Marknadsplassen
Varmestova/Harpefossen Event
Vêrmelding
Vérstasjon


Om Harpefossen Hyttegrend
Harpefossen Hyttefelt
Furuhogane Hyttefelt
Naustdalsetra Hyttefelt


Kalender
okt søn 03 @12:00 - 15:00
Terrengsykling (Downhill)
okt søn 03 @12:00 - 16:00
Sykkeltur til Bjørhovdesetra

Velkomen til Harpefossen!

Sjølv om det er sommar og ferietid, har vi travle dagar på Harpefossen.
Arbeidet med bygging av den nye Kjenndalsheisen er i full gang . Vi er komne eit godt stykke på veg med servicebygget, vegen/heistraseen er planert heilt til topps og vi er i gong med dei fyrste mastefundamenta.

Prosjektet  er avhengig av stor dugnadsinnsats dersom vi skal kome i mål økonomisk. Vi har også ein god del anna arbeid som skal utførast på dugnad i løpet av sommaren. Dette gjeld no i fyrste omgang rydding av kratt og steinplukking  i løypene og måling av bygningar. 
Vi har bruk for folk både i helgar og  på vekedagar, så dei som kan tenkje seg å bidra bes ta kontakt med Bjørn Kjørstad på telefon 926 86 846.

stoyping2_fundament9.jpg
 Støyping av fundamentet til mast nr 9. Fleire bilete her..
 Panoramabilete av skisenter og hyttefelt, teke 28.02.2010   klikk her.... 


infoboks_web.jpg 

 

 

 

 


 

       

Advertisement
Faste dugnadstider framover

onsdag 04. august 2010

 Dugnad på servicebygget på Furuhogane til faste tider framover: Måndag, onsdag, torsdag kl 17.30  og laurdag frå klokka 10.00.

Liv og røre på Smørdal Camping
mandag 24. august 2009

campingplassliv3_aug09.jpg

Vi som ofte køyrer vegen til Harpefosssen,  har lagt merkje til stadig meir liv og røre på Smørdal camping siste året. Både sist vinter og no i sommar har plassen vore full av campingvogner, og der har vore stor aktivitet med bygging av terrassar og spikartelt. Vi var innom ein tur sist laurdag, etter dugnaden i skisenteret, og der  trefte vi ein gjeng blide og trivelige born og vaksne, som var opptekne med forskjellige aktivitetar, og som tydeligvis hadde det både sosialt og kjekt.
Campingplassen til sals.
Per Smørdal, som eig og driv plassen saman med kona, fortel at plassen er nesten fullbooka, men at der framleis fins ledige plassar. Han er glad for den auka trafikken, og fortel at denne sommaren har svært mange av vognene vore på plass heile tida, i motsetning til tidlegare år, då dei fleste reiste andre plassar i sommarsesongen.
Av forskjellige årsaker ønskjer Per Smørdal at andre kunne ta over drifta av campingplassen, og den er lyst ut for salg på Finn.no. Annonsa finn du her..

Sjå fleire bilete...

Les meir...
 
Terrengsykling i skileikområdet
tirsdag 18. august 2009
terrengsykling2.jpg
Etterkvart som det blir stadig fleire som oppheld seg på Harpefossen sommarstid aukar behovet for aktivitetstilbod også denne årstida. Terrengsykling  har vist seg å vere ein populær aktivitet, så no vil vi prøve å etablere eit tilbod i skileikområdet utover hausten. Det er blitt utvikla utstyr som gjer at du enkelt og sikkert kan hekte sykkelen på medbringaren på skiheisen, følgje heisen til topps, og enkelt koble sykkelen fri frå medbringaren.. Vi tenkjer oss å lage ei løype med svingar og hopp som kan vere litt utfordrande og morosam for både små og store.
Les meir...
 
Hyttebygging på Furuhogane
fredag 31. juli 2009

img_3724_550.jpg

Det har vore bra framdrift i hyttefeltet på Furuhogane no i sommar. Det aller meste av vegar, vatn, avløp og andre installasjonar er på det næraste ferdige, og dei ivrigaste tomteeigarane er no komne godt i gong med bygging av draumehytta.
På biletet ser vi  Cliff Harsfjord frå Moltustranda på tomt nr 42, som prøvar å legge puslespelet det ofte kan vere med eit byggesett. 5 andre tomteeigarar er i gong med bygging, slik at totalt 6 hytter vil kome opp i løpet av hausten.
Vi har no lagt ut eit nytt fotoalbum med ferske bilete frå Furuhogane
Eit lite turtips: Set frå deg bilen på parkeringsplassen og gå vegen til Furuhogane til endes. Då er det berre eit lite stykke igjen inn til råsa Ljøsurbrua-Kjenndalen, eller du kan gå skiløypa tilbake til skisenteret. (Kan også syklast med terrengsykkel)

 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>

Resultat 71 - 80 av 162

 

alpepass_blaa.jpg
6 skisenter - nesten 30 heisar - over 60 nedfartar 

yit.gif

Sparebanken Sogn og Fjordane

Bunnpris

Coop Mega

 nordrikk_logo 2008-150pix.jpg

 sfe.gif

 
logo_normatic.jpg
  
logo_statoil_web.jpg

morelaftlogo.jpg


logo_dvergsdal.jpg

bickfoto4.jpg 

grasrotandelen_logo_rgb_125.jpg
Du kan støtte oss ved å registrere Harpefossen
Skisenter AS som mottakar av grasrotandelen når du tippar.
Les meir her