|
Merkerenn og skiskytingens dag søndag |
|
fredag 13. mars 2009 |
Haugen IL arrangerar lags- og merkerenn på Harpefossen komande søndag kl 13.00. Påmelding frå klokka 12.00
Same dag klokka 14.00 vil det bli høve for alle frå 8 år og oppover å prøve skiskyting. Skiskyttarmiljøet treng meir rekruttering og nye skiskyttarar. Kanskje dette er noko for deg? Skiskyttargruppa på Stårheim stiller med utstyr og instruktørar. Alt vil foregå på skiskyttarstadion på Harpefossen, der det er blinkar og ”nesten” like forhold som på TV.
|
|
|
Stilt i skisenteret i dag |
|
mandag 09. mars 2009 |
|
Etter to veker med opne heisar kvar dag, er det stilt på Harpefossen i dag. Typisk marsvêr med ca 5 plussgrader og litt regn i lufta. Det er varsla litt varierande vertilhøve utover i denne veka, med utsikter til at onsdagen kan bli beste dagen. Oppe i fjellet har snømengdene auka siste par vekene, mens det har minka noko her nede i lavlandet. Vi brukar alltid å få nokre dagar med snøfall i mars, og det sler nok til denne vinteren også. NB! Vi har lagt ut eit par nye album i fotogalleriet, mellom anna mange bilete frå den vellukka skiskulen i januar og februar.
|
|
|
torsdag 05. mars 2009 |

..sjølv om du ikkje bur i Verdal.
Neida, vi kan ikkje love at du vil få gevinst kvar gong du tippar. Men du kan sørge for at Harpefossen Skisenter AS får ein liten gevinst kvar gong du satsar nokre kroner på Norsk Tipping sine spel. Skisenteret har Haugen IL og Stårheim IL som eigarar og har vedtekter som gjer at vi fyller krava til å ta imot tippemidlar og grasrotandelen som no er inført i dei fleste spela til Norsk Tipping. Vilkåret er at du registrerar at Harpefossen Skisenter AS skal vere mottakar av grasrotandelen når du tippar, og her kan du finne ut korleis du kan gjere det....
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 81 - 90 av 162 |