|
Furuhogane Hyttefelt (FB6) |
|
torsdag 01. november 2007 |
|
Furuhogane hyttefelt FB6
Dette er tomtane mange har venta på. Opp mot skoggrensa, i eit snøsikkert område, er det regulert totalt 62 tomtar i eit flott sørvendt område, med open lauvskog og fantastisk utsikt nedover dalen og fjella sørover mot Ålfoten.
Som der går fram av løypekartet, vil dette hyttefeltet ligge rett nedanfor ei ny skiheis som vi reknar med blir bygd og teken i bruk i 2010.
Tomtane i dette feltet er gjennomgåande noko større enn i dei to andre hyttefelta, storleiken er mellom 1090 kvm og 1678 kvm. Dette speglar seg igjen i prisane som ligg mellom kr 254.000 og kr 456.000, pluss omkostningar, men også dette må seiast å vere gunstige prisar, når ein tek omsyn til den fantastisk flotte plasseringa av feltet.
Her er føresegner og utbyggingsplan og prisliste for Naustdalsetra og Furuhogane hyttefelt:
Føresegner
Utbyggingsplan
Liste over storleik og prisar på tomtene
Status pr september 2009
På Furuhogane er 13 tomter selde. I tillegg er nokre kjøparar i tenkeboksen, så det ser ut til at målet om 15 signerte kontrakter i 2009 blir oppnådd. Det aller meste av vegar, vatn, avløp og andre installasjonar er på det næraste ferdige, og dei ivrigaste tomteeigarane er no komne godt i gong med bygging av draumehytta.

På biletet ser vi Cliff Hasfjord frå Moltustranda på tomt nr 42, som prøvar å legge puslespelet det ofte kan vere med eit byggesett. 5 andre tomteeigarar er i gong med bygging, slik at totalt 6 hytter vil kome opp i løpet av hausten.
I fotoalbumet vårt har vi laga fleire album frå hyttefeltet på Furuhogane. Her kan du sjå bilete av området og utsikta frå ein del av tomtane. Albumet finn du her...
Vår lokale kontakt mann er Reidar Vonheim . Han stiller opp for omvisning i hyttefeltet, og kan bidra med utfyllande informasjon. Kan treffast på telefon 901 53 660.
Tomtar merka med raudt er selde
Klikk her for stort kart
|