Taubanetilsynet kontrollerar med jamne tidsrom tilstanden på heiswirane (ståltauet). Det er fleire faktorar som påverkar tilstanden til wiren. År og alder, og fysiske skader ved avsporing og defekte medbringarar er dei viktigaste.
Sist vi hadde kontroll fekk vi pålegg om å skifte wiren på den austre fjellheisen (J-heisen). 2800 meter ståltau med diameter 18 mm, som var nytt då heisen blei bygd i 1987 . Tidleg i august kom montørar frå Toppteknikk i Sverige for å gjere jobben.
Samtidig nytta vi høvet til å korte inn ståltauet på H-heisen (vestre fjellheisen) som blei skifta for nokre år sidan. Dette hadde no strekt seg så mange meter at vi ikkje kunne stramme det meir. Vi bytta også tauet på eine miniheisen, som også får nye medbringarar før sesongstart. Vi vil også halde fram med å skifte ut dei dårlegaste medbringarane på fjellheisane