|
|
FIS-godkjende alpinløyper, både krevjande og lettare
Lange og meir familievenlege nedfartar
Store område for laussnøkøyring
Variert terrengpark
To fjellheisar opp til 777 o.h.
532 meter fallhøgde
Tre heisar for born og familiar
Stort område for skileik
Mange kilometer preparerte turløyper
Hyggelig varmestove med rimelig servering.
Flomlys både i alpinbakken og langrennsløypene.
Ny og godt utrusta skiutleige |
Alpint
FIS-godkjende løyper for alpine greiner, med eit variert og krevjande løypenett.
Alpingruppa til Haugen IL har dyktige trenarar og leiarar og, er det leiande alpinmiljøet i Sogn og Fjordane. Dei tek hand om mange unge talent frå heile kommunen,både jenter og gutar. Faste treningstider tysdag, torsdag og laurdag. Alpinistane frå området har dei siste åra dominert resultatlistene i konkurransar i fylket, og ingen har vel enno gløymt Marianne Kjørstad, som nærast har vakse opp i løypene våre.
Haugen IL har også ein dyktig arrangørstab, og det blir arrangert store og små konkurransar i løpet av sesongen.. |
|
 |
Snøbrett
Vi har store områder som egnar seg glimrande til laussnøkøyring. På begge sider av skiheisane har vi både snaufjellområde og bjørkeskog med kular og skrentar og mykje moro.
Til sesongen 2005/2006 tok vi i bruk ein ny og spanande terrengpark, full av utfordrande kular og hopp med ulik storleik og vinklar. |
Aktivitetar for familiar og born
Vi har tre heisar spesielt for familiar og born. Desse ligg i området nedanfor fjellheisane, og her har både store og små eit stort område der dei kan boltre seg på ski, snøbrett, akebrett, eller berre leike seg i snøen. Området for skileik blei utvida og forbetra framføre sesongen 2005/2006 og ein ny og svært brukarvenleg heis blei opna til sesongen 2007. Midt i skileikområdet ligg ein skogkrull, der vi har sett opp ei grillhytte og mange benkar. Ein kjempefin møteplass og base for skidagar på Harpefossen |
 |
 |
Harpefossen skiskule
Dei siste vintrane har det blitt arrangert skiskule for dei minste på dagtid på onsdagar, og dette har vore ein stor suksess. 50-70 born frå 6-10 år har delteke, og dei har fått grunnleggande skiopplæring og hatt mykje moro.Dette blir eit tilbod denne vinteren også.
I tilleg vil det blir kurs for både born og vaksne ,og det blir høve til å leige persolig instruktør for kortare eller lenger tid.
|
Telemark/frikøyring i laussnø
I fjellsidene rundt toppen av skitrekket er det store områder som ikkje vert preparerte. Her finst det kneikar og heng både ovanfor skoggrensa og nedover i bjørkeskogen, og her er alltid mykje snø. Dersom du vil gå litt kan ein tur på toppen av Storegga (960 moh) være verdt ein tur. Herifrå har du 700 meter fallhøgde mot trekkstasjonen eller mot Smørdal.
Dersom du er villig til å gå eit stykke finst det spennande områder utanfor skitrekket. Det som er mest aktuelt er Ljosurdegga (1205 moh) der du har 900 meter fallhøgde ned mot Naustdalsætra. På sørsida av dalen ovanfor Tippasætra ligg Lidavarden, som har fin utsikt mot Eidsfjorden. På grunn av nordhellinga vil snøen halde seg betre her.
|
 |
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
|