Skiskule 2010
På onsdagar i perioden 20. januar - 17. februar vil Harpefossen Skiskule tilby skileik og slalåmtrening for nybyrjarar og vidarekomne barn i alderen 6-10 år.
Fyrste skuledag blir onsdag 20. januar 2010.
Det stillast ikkje krav til spesielt skiutstyr, men i skisenteret er det påbod om bruk av hjelm for alle barn. Vi har eit utval av ski til utleige i skiutleiga. Hjelm kan lånast gratis.
Målsettinga med treninga er å gje barna skiglede ved å meistre grunnleggjande alpin skiteknikk i et sosialt godt miljø. Av grunnleggjande teknikk kan nemnast balanse og støtte for kroppen (kroppsstilling på ski), plogsving,skrenssving, stopp, og ikkje minst å lære seg å bruke barneheisen på skileikområdet. Vidare vil det øvast på portkøyring, hopp og ”kuleløype”. Det blir lagt vekt på å tilretteleggje for læring innanfor ei ramme av leik og lyst.
Onsdagen er ikkje lenger skulefri, men vi håpar at foreldre og barn likevel vil setje av tid til skiskulen.
Vi startar opp klokka 13.00 og held på til ca kl 15.30, med ein pause i varmestova undervegs. Kiosken vil vere open med ein enkel meny, men det er sjølvsagt høve til å ta med mat og drikke. Vi har også møtestad med registrering av frammøte og utdeling av startnummer i varmestova nederst i bakken. Transport til og frå Harpefossen må foreldra organisere. Vi vil være tilstade i området frem til kl. 16.00, slik at henting kan skje frem til då ( vi reiser ikkje frå området før alle born er henta). Vi ønskjer også dei av foreldra som kan være tilstade på skiskulen hjertelig velkomne, spesielt dei foreldra som har barn som er nybyrjarar.
NB ! Vér- og føreforbehold. Vår erfaring er at somme av og til gløymer å ta med seg vottar/hanskar på skiskulen. Derfor ei påminning: Hanskar/ vottar må medbringast.
Kursdagar
| Onsdag |
20.01.2010 |
Registrering i varmestova frå kl. 12.30 Mål – klare å ta trekket på skileikområdet sjølv og plogsving (nybegynnarar), svingteknikk og portkjøring (vidarekomne) |
| Onsdag |
27.01.2010 |
Mål – stå på ski ned bakken på egen hand (nybegynnarar), svingteknikk og løypekjøring (vidarekomne) |
| Onsdag |
03.02.2010 |
Mål – meistre plogsving (nybegynnarar) løypekjøring, kular og hopp |
| Onsdag |
10.02.2010 |
Mål – boltre seg i bakken, med kuler, hopp og løyper (vinterferien) |
| Onsdag |
17.02.2010 |
Mål – avsluttande skiskule, løypekjøring – grilling i bakken |
Instruktørar er: Asbjørn Mannset, Gustav Orheim og Trude Dalset
Skulepengar: kr 600,- (inkl. heis og grillmat) betalast kontant ved registrering eller på nettbank til
kontonr 3705 10 65426 (merk innbetalinga med navn på skiskuledeltakar).
Med vennlig helsing Harpefossen Skiskule
Registreringsskjema fylles ut på førehand og leverast i varmestova ved frammøte.
Skjema kan du kan du laste ned her...
Spørsmål eller kommentarar sendast:
Harpefossen skiskule v/Jarle Tor Åsebø.
e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
tlf 41 33 57 86
|