|
søndag 18. november 2007 |

Ta deg ein pause, eller kvil deg etter skituren.
I den trivelige varmestova vår kan du kjøpe mat og drikke og kvile deg litt. Varmestova ligg i botnen i bakken, og er open når skisenteret er ope.
Rita Nyland har gjort avtale med idrettslaga om å stå for drifta denne vinteren, Ho har brukt hausten til å friske opp litt i lokala, som no er blitt enno lysare og triveligare enn før.
Rita er ei driftig og initiativrik dame, opprinnelig frå Breim, men har stifta familie på Eid, og er lukkelig eigar av ei hytte i Harpefossen hyttefelt. Kafeen vil bli open når heisane er opne, og der vil du finne det meste av det du ventar deg på ein slik stad, med fokus på sunn og god mat. Ho tenkjer også å ha ope ein del på kveldstid i helgane, eit tilbod som blir stadig meir etterspurt, i takt med det aukande talet på hytter og campingvogner i området. Ho har søkt om - og fått invilga - skjenkeløyve for varmestova og gapahuken i skileikområdet. Skjenking kan berre føregå utanom skisenteret sine opningstider.
Åpningstider:
| Dag |
Åpningstid |
Merknad |
| Tirsdag* |
1700 – 2100
|
*Kveldskøyring skitrekket
|
| Torsdag* |
1700 – 2100
|
*Kveldskøyring skitrekket
|
| Fredag |
1700 – 2400
|
Lenger åpe ved spes. Arr
|
| Laurdag |
1000 – 2400
|
Lenger åpe ved spes. Arr
|
| Søndag* |
1000 - 1700
|
*I skisesongen.
|
*Andre åpningstider i forbindelse med juleferie, vinterferie og påskeferie!
Meny:
Drikkevarer: Mineralvatn, kaffi, te, varm sjokolade.
Mat: Sveler, kaker, pølse med brød, hamburger, pitabrød med salat, betasuppe med brød, grove baguettar med ost/skinke, sjokolade, frukt og nøtter.
Afterski: Bar med alle rettigheiter.
For firma- arrangement/festlege anledningar har vi utarbeidd eigen meny:
- Hot fiskesuppe med kvitløksbrød
- Rømmegraut og spekemat
- Juletallerken
- Fårikål
- Sosekjøtt
- Frukost og lunsj-buffet.
- Andre rettar etter ynskje!
Kontaktinformasjon:
e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
mobil: 975 99 086

[klikk for meir informasjon]
Eige opplegg for bedrifter og grupper som ynskjer ei spesiell oppleving.
|