|
Generalforsamling i skisenteret. |
|
torsdag 04. juni 2009 |
|

Måndag 18. mai var det generalforsamling i Harpefossen skisenter AS. Årsmeldinga fortel at omsetninga har auka frå 1. 79 mill i 2007 til 2,59 i 2008, og at rekneskapen viser eit overskot på kr 129.961,-
Heile det sitjande styret tok attval og går laus på ny sesong og nye utbyggingsprosjekt med friskt mot.
Ei anna viktig sak på generalforsamlinga var utvidinga av aksjekapitalen med 40 nye aksjar gjennom ein emisjon mot Harpefossen hyttegrend. Denne saka har vore grundig utgreidd og diskutert på førehand,og på møtet blei emisjonen samrøystes vedteken.
Årsmelding 2008
Årsrekneskap 2008
|