Untitled Document
KLIKK FOR MEIR INFO
Framside
Løyper og heisar
Billettprisar og opningstider
Skiutleige
Vinteraktivitetar
Skiskule
Kontakt oss
Dugnadsarbeid
Prosedyrer og vaktliste
Marknadsplassen
Varmestova/Harpefossen Event
Vêrmelding
Vérstasjon


Om Harpefossen Hyttegrend
Harpefossen Hyttefelt
Furuhogane Hyttefelt
Naustdalsetra Hyttefelt


Kalender
okt søn 03 @12:00 - 15:00
Terrengsykling (Downhill)
okt søn 03 @12:00 - 16:00
Sykkeltur til Bjørhovdesetra

Nytt vertskap på Varmestova
tirsdag 13. oktober 2009

rita_nyland_450.jpg
Familien Matukas frå Litauen, som dreiv kiosken på Varmestova sist vinter, har teke på seg så mykje anna arbeid at dei måtte takke nei til ein ny vintersesong på Harpefossen. Haugen IL  og Stårheim IL, som eig Varmestova, såg med svært liten entusiasme fram til at  dei kanskje måtte organisere drifta ved hjelp av dugnadslister, men heldigvis dukka ei anna og betre løysing opp. Rita Nyland har gjort avtale med idrettslaga om å stå for drifta denne vinteren, og som vi ser på biletet er ho i full gong med å setje sit preg på lokala.
Rita er ei driftig og initiativrik dame, opprinnelig frå Breim, men har stifta familie på Eid, og er lukkelig eigar av ei hytte i Harpefossen hyttefelt.  Ho vil nok snart også setje sitt preg på drifta av huset. Kafeen vil bli open når heisane er opne, og der vil du  finne det meste av det du ventar deg  på ein slik stad, med fokus på sunn og god mat. Ho tenkjer også å ha ope ein del på kveldstid i helgane, eit tilbod som blir stadig meir etterspurt, i takt med det aukande talet på  hytter og campingvogner i området. Det er meininga å søkje permanent skjenkeløyve til dette formålet.
Harpefossen og Varmestova er også ein glimrande plass for møter, kurs og festlige lag, og dette er ein marknad Rita vil satse sterkt på i tida framover. Fyrste gruppa er allereie booka inn i slutten av neste månad.
Vi ynskjer Rita lukke til med drifta av huset, og reknar med at både lokalbefolkning og tilreisande vil vite å nytte seg av tilboda som no kjem.

 
< Forrige   Neste >

 

alpepass_blaa.jpg
6 skisenter - nesten 30 heisar - over 60 nedfartar 

yit.gif

Sparebanken Sogn og Fjordane

Bunnpris

Coop Mega

 nordrikk_logo 2008-150pix.jpg

 sfe.gif

 
logo_normatic.jpg
  
logo_statoil_web.jpg

morelaftlogo.jpg


logo_dvergsdal.jpg

bickfoto4.jpg 

grasrotandelen_logo_rgb_125.jpg
Du kan støtte oss ved å registrere Harpefossen
Skisenter AS som mottakar av grasrotandelen når du tippar.
Les meir her