|
Tippaskogløypa - opptur for turfolket! |
|
søndag 03. januar 2010 |

Den nye rundløypa frå Harpefossen, gjennom Tippaskogen til Sevlandsetra, og tilbake til Harpefossen langs Postvegen, er no fint preparert og klar til bruk. Løypa er 7,5 km lang og går i lett og fint kupert terreng, og har blitt svært godt motteken av dei som er glad i gå på langrennski, skøyting eller klassisk.
På sørsida passerar du Tippasetra og Nakkesetra og har kjempeflott utsikt til skibakkane og hyttefelta. Når du kjem til idylliske Sevlandsetra kjem du inn på løypa langs Postvegen. Vi anbefalar at du tar avstikkaren opp bakken til Brekka. Her er fantastisk flott utsikt utover Hjelmelandsdalen og fjellheimen i vest. Du får ei frisk utforkøyring ned igjen, og så går turen attende til Harpefossen gjennom det særprega setremiljøet på Bjørhovdesetra og Naustdalsetra. Etter ein slik tur smakar svelene og kakaoen på Varmestova ekstra godt.
God tur!
|