|
torsdag 25. februar 2010 |
|

Alpinorientering er ein konkurranse som går over heile sesongen, brukar heile alpinanlegget og passar for alle som ferdast i løypene våre. Vi har laga denne konkurransen i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, og no er alle postane på plass
I alpinorientering gjeld det å finne alle postane som er merka på eit løypekart, og å finne riktig svaralternativ på spørsmålet som høyrer til posten. Den bokstav som høyrer til riktig svar fyllast inn i kolonna for posten på kartet. Saman vil bokstavane danne eit løysningsord. Kart kan kjøpast i billettbuda for kr 50,- og frist for innlevering av riktig svar er 4. april. Gratis for kundar i Sparebanken Sogn og Fjordane. To vinnarar får kvart sitt gåvekort på kr 5.000,- på sportsutstyr frå Chatlet og G-sport. Ein vinnar trekkast, mens den andre vinnaren er den med flest riktig svar og flest køyrde turar i trekket i løpet av sesongen.
|