Skiskule for born

skiskole web

Harpefossen Skiskule tilbyr kvart år skileik og slalåmtrening for nybyrjarar og vidarekomne barn i alderen 6-10 år og skulen går over 5 onsdagar i januar/februar  frå kl 13.00 til kl 15.30, med ein pause undervegs.

Måla er

Å gje barna skiglede ved å meistre grunnleggjande alpin skiteknikk i eit sosialt godt miljø

Balanse og støtte for kroppen (kroppsstilling på ski)

Plogsving, skrenssving, stopp, og ikkje minst å lære seg å bruke barneheisen i skileikområdet

Vidare vil det øvast på portkøyring, hopp og ”kuleløype”

Det blir lagt vekt på læring innanfor ei ramme av leik og lyst

Frammøte 

Vi har møtestad med registrering av frammøte og utdeling av startnummer i varmestova nedst i bakken. Ver gjerne tidleg ute, særlig om du skal leige skiutstyr.

Vi vil være tilstade i området frem til kl. 16.00, slik at henting kan skje frem til då (vi reiser ikkje frå området før alle born er henta). Foreldre som kan være tilstades på skiskulen er hjertelig velkomne, spesielt dei som har barn som er nybyrjarar.

Utstyr

Det stillast ikkje krav til spesielt skiutstyr, men i skisenteret er det påbod om bruk av hjelm for alle barn. Vi har eit utval av ski til utleige i skiutleiga. Hjelm kan lånast gratis.

NB! Vér- og føreforbehold. Vår erfaring er at somme av og til gløymer å ta med seg vottar/hanskar på skiskulen.
Derfor ei påminning: Hanskar/vottar må medbringast.

 

  Program 2017

18.01.2017

Registrering i varmestova frå kl. 12.00  
Mål – klare å ta trekket på skileikområdet sjølv og plogsving  (nybegynnarar), svingteknikk og portkjøring

25.01.2017

Mål – stå på ski ned bakken på egen hand (nybegynnarar), svingteknikk og løypekjøring (vidarekomne)

01.02.2017

Mål – meistre plogsving (nybegynnarar) løypekjøring, kular og hopp

08.02.2017

Mål – boltre seg i bakken, med kuler, hopp og løyper (vinterferien)

15.02.2017

Mål – avsluttande skiskule, løypekjøring – grilling i bakken

Skulepengar

kr 800,- (inkl. heis og grillmat) betalast kontant ved registrering eller på nettbank til
kontonr 3705 10 65426 (merk innbetalinga med navn på skiskuledeltakar). Registreringsskjema fylles ut på førehand og leverast i varmestova ved frammøte. Skjema kan du kan du laste ned her

Spørsmål eller kommentarar sendast

Harpefossen skiskule
v/Jarle Tor Åsebø.  
e-post:  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
tlf 41 33 57 86

Leige av skiinstruktør til enkle timar for barn/vaksne:

vi har nokre flinke instruktørar som kan ta på seg instruksjon av barn eller vaksne til rimelige prisar:

 

Pr. person

Totalt

 

1

2

3

4

1

2

3

4

1 time

kr 400

kr 300

kr 250

kr 200

kr 400

kr 600

kr 750

kr 800

2 timer

kr 700

kr 500

kr 400

kr 350

kr 700

kr 1 000

kr 1 200

kr 1 400

3 timer

kr 950

kr 650

kr 500

kr 400

kr 950

kr 1 300

kr 1 500

kr 1 600

4 timer

kr 1 150

kr 750

kr 550

kr 450

kr 1 150

kr 1 500

kr 1 650

kr 1 800

Sist redigert fredag, 10 februar 2017 10:58