Aking

Aking

Harpefossen Skisenter eig 10 kjelkar som er spesiallaga for aking i alpinanlegg og tilbyr utleie av desse til avtala arrangement.

Aktiviteten passar godt til bedriftsarrangement eller bursdagsselskap og kan kombinerast med at ein leiger Gapahuken der ein kan grille og kose seg mellom akeøktene.
Akinga skjer på eit avgrensa område i Skileikområdet, og ein kan anten ake i crossløype med kular og doserte svingar eller rett fram i meir ope terreng. Det er sett 10 års aldersgrense for denne aktiviteten, og deltakarane må gjennomgå sikkerheitsinstruksjon før akinga startar. Det er påbode med hjelm som kan lånast i Skiutleiga.
Vi kan også tilby transport av kjelkar og personar til Furuhogane, og aking i løypa tilbake til Harpefossen.

Prisar:

Aking i Enerskiheisen:  kr 300,- for 2 timar. Inkluderar leige av kjelke og transport i heisen.
Minimum 6 personar eller kr 1800,-
Aking frå Furuhogane: kr 100,- pr tur. Inkluderar leige av kjelke og transport til Furuhogane. 
Minimum 6 personar eller kr  600,-.

Tilbodet er tilgjengelig etter nærmare avtale, kontakt oss på telefon 57 86 25 50 eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. .

Sist redigert torsdag, 29 januar 2015 12:15