Catski

Catski

Harpefossen Skisenter og Eid kommune har søkt Miljøverndepartementet om løyve til å drive Catski på Harpefossen. Det er politisk vilje til å få dette på plass og vi oppdaterer med informasjon om Catskisatsinga på heimesidene våre og på facebooksida vår.

Catski konseptet består av å nytte trakkemaskin med påmontert kabin som transport til utvalde fjelltoppar. Trakkemaskina nyttar tilrettelagte løyper til desse fjelltoppane. Dette gjev tilgang til nedfartar som går gjennom variert terreng, og ein vil legge opp til guida frikøyring i desse nedfartane. På Harpefossen er det lagt opp til 5 catskitraséear.

Sist redigert fredag, 24 januar 2014 15:12