Toppturar og frikøyring

Toppturar og frikøyring

I fjellsidene rundt toppen av skitrekka er det store områder som ikkje vert preparerte. Her finst det kneikar og heng både ovanfor skoggrensa og nedover i bjørkeskogen, og her er alltid mykje snø. Den lettast tilgjengelige toppen er Storegga (960 moh) som du når på ein halv times tid frå toppen av Fjellheisen. Herifrå har du 700 meter fallhøgde mot trekkstasjonen eller mot Smørdal.

Blåsalen (1008) er tilgjengelig ein times gange frå toppen av Kjenndalsheisen og ein kan då køyre ned til Furuhogane eller heilt ned til Naustdalsetra.Vi kan også anbefale Ljosuregga (1205 moh) som ligg om lag 1,5 timars gange frå toppen av Kjenndalsheisen, der ein har 900 meter fallhøgde ned mot Naustdalsetra. På sørsida av dalen ovanfor Tippasætra ligg Lidavarden (849 moh), som har fin utsikt mot Eidsfjorden. På grunn av nordhellinga vil snøen halde seg betre og her opplev ein ofte gode pudderforhold langt uti april.

Sjå elles kart for nærmare beskriving av aktuelle toppar.

Sist redigert tirsdag, 05 november 2013 10:30