Tursykling

Tursykling

Om du kan tenke deg en sykkeltur langs bekkar og gjennom idylliske setermiljø, kan vi anbefale turen frå Harpefossen og innover Hjelmelandsdalen langs den Trondhjemske Postveg. Turen går på grusa skogsveg og i lett terreng. Når ein kjem om lag 4 km innover vegen kan ein ta av sørover der et er skilta mot Tippasetra. Her er underlaget delvis skogsveg og delvis sti til ein er tilbake til utgongspunktet på Harpefossen etter om lag 4 km. Turbeskriving finn du her.

Dei som vil ha ein lengre tur kan fortsette turen på Postvegen mot Bjørkedalen. Her må ein vere forberedt på ein del stigning mot høgaste punkt og om lag 300 høgdemeter nedover mot Bjørkedalen. Ein passerar fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal på turen, og total lengde er 20 km når ein vel same ruta tilbake.

Det er mogleg å leige stisyklar med hjelm på Harpefossen. Prisane er for 2016 er:

  • Pr. time kr 50,-
  • Halv dag kr 150,- (4 timar)
  • Heil dag kr 250,-

Vi har i alt 8 syklar av typen Gekko Flow i desse storeleikane: 14" (1 stk.), 16" (2), 18" (2), 20" (2) og 21" (1). 

Sist redigert mandag, 13 juni 2016 09:43