Handel, kultur og service

Handel, kultur og service

Frå kommunesenteret Nordfjordeid er det kort avstand til dei andre kommunesentra i Nordfjord og søre Sunnmøre; Måløy, Stryn, Sandane og Ørsta/Volda. På 40-45 min. kan ein nå heilt ut til storhavet i vest og til høgfjellet og breen i aust. Nordfjordeid er eit kommunikasjonsknutepunkt ved at RV 15 frå Måløy til Otta kryssar stamvegen E39 som går lang heile kysten frå Stavanger til Trondheim. Det er og nært samband til flyplassen på Sandane med daglege flyruter til Oslo og Bergen. Nordfjordeid er eit viktig handelssenter i Nordfjord, og her finn du viktige offentlege tenester for heile regionen som sjukehus, biltilsyn m.m.

Kommunen har markert seg sterkt dei seinare åra som kulturkommune der både opera og rock har fått store oppslutning.  I 2010 vart kommunen kåra som årets kulturkommune i Sogn og Fjordane.  Eit blomstrande musikkliv for alle kategoriar musikk må seiast ha blitt eit varemerke.  Her finn du det einaste operahuset utanom Oslo.  Samlokalisert med Eid vidaregåande skule gjer det dette til ein flott læringsarena for unge nordfjordingar.  Eid var lokaliseringsstad for den fyrste eksersisplassen i landet.  I dag er "Plassen" eit flott parkområde og er arena for bl.a. spelet Elskhug og Eksis som har sitt utgangspunkt i den tid det var ekserserplass her.  Plassen er også arena for Malakoff rockfestival, rockfestivalen som både i 2004 og 2005 blei kåra som Årets festival av Norsk Rockforbund. Kvart år i juli må dette berre opplevast.

Eid Inviterer kan du lese meir om tilboda i kommunen. 

 

Sist redigert onsdag, 11 desember 2013 12:47