Dugnadsarbeid

Dugnadsarbeid

Skisenteret er heilt avhengig av frivillig innsats for å kunne oppretthalde drifta og det vert kvart år lagt ned langt over 10.000 dugnadstimar i anlegget. 

Det er Stårheim Idrettslag og Haugen Idrettslag som eig skisenteret og det er eigarane og styret sitt ønskje at skisenteret i framtida skal gje laga økonomiske moglegheiter til å oppretthalde og vidareutvikle sine tilbod for born og unge. Ikkje berre når det gjeld vinteridrett, men også den andre aktiviteten som går føre gjennom året. 

Når ein vert med på dugnadslaget på Harpefossen får ein kompensert for innsatsen i form av heiskort i skisenteret. Alt etter kort mykje tid ein legg ned kan dette variere frå eit dagskort (to heisvaktar) til årskort for ein sjølv (10 vakter eller dugnadsøkter) eller heile familien (20 vakter eller dugnadsøkter). Ta kontakt dersom du vil vere med å gjere ein innsats for skisenteret sommar eller vinter. 

Sist redigert onsdag, 11 desember 2013 13:00