Leige av Varmestova eller Servicebygget

Varmestova på Harpefossen har 55 sitteplassar, videokanon/lerret og fullt utrusta kjøken, og passar godt til fest, konfirmasjon og møter.

På Furuhogane er det moderne lokalar med utsikt over heile Hjelmelandsdalen og fjella rundt. Lokala har kjøken/kiosk og serveringslokale med barløysning med plass for 25 personar. I 2. etasje er det møtelokale med flott utsikt over skiløypene, sitteplass for 12 personar og opplegg for videokanon.

Begge lokala har moderne ventilasjonssystem og trådlaust internett.

Prisliste

Varigheit Varmestova Servicebygget

Ettermiddag/kveld

Kr 1.000,-

Kr 750,-

Dag

Kr 1.500,-

Kr 1.250,-

Vask

Kr 700,-

Kr 500,-

Vilkår

  •        Alt servise/dekketøy skal vere vaska opp og satt på plass
  •        Alt boss og tomgods skal vere fjerna frå lokala. Boss kan kastast i conteinarane nede med Tippabrua
  •        Platting og uteområde skal vere rydda og fri for boss
  •        Øydelagt inventar og service skal erstattast
  •        Kjøleskap skal vere tømt og reingjort 
Sist redigert onsdag, 11 desember 2013 13:02