Om Harpefossen

Om Harpefossen

Harpefossen Skisenter er lokalisert I Hjelmelandsdalen, 10 km frå Nordfjordeid sentrum, i Sogn og Fjordane fylke. Harpefossen tilbyr det største og mest komplette alpinanlegget i fylket og har ein høydeforskjell på 575 meter frå start 250 moh.

Det er 6 heisar og 13 nedfartar i velpreparerte trasear. Harpefossen er velkjent for store og varierte område for løssnøkjøring, og den geografiske plasseringa vår sikrar jamt påfyll av pudder gjennom sesongen. Anlegget tilbyr 15 KM preparerte trasear for langrenn, og løypenettet går gjennom 5 idylliske fjellsetrer. Det er ein eigen skiskytararena i tilknyting til langrennsløypene. Flomlys i både alpinanlegg og langrennsløyper gjev eit godt tilbod òg på kveldstid. Vi kan tilby skiinstruktørar for alpin, Telemark og snowboard på forespurnad.

Anlegget ligg langs den gamle postvegen mellom Nordfjord og Sunnmøre.

Om vinteren tek skiheisane deg inn i den fantastiske fjellheimen i grenselandet til Sunnmøre. Frå toppen av skiheisane kan du velje mellom mange nedfartar i ulike vanskegrader, eller du kan ta turen lenger innover i fjellheimen.


Om sommaren er det ei flott oppleving å køyre den gamle postvegen som svingar og buktar seg forbi fleire gamle setermiljø og idylliske fiskevatn. Postvegen munnar ut på E 39 i Bjørkedalen, midt mellom Nordfjordeid og ferjeleiet på Folkestad (ferja til Volda)

Alpepass - 1 skikort - 9 skianlegg

Med alpepass.no kan du renne i åtte skianlegg; Stryn Skisenter, Harpefossen Skisenter, Strandafjellet Skisenter, Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter, Stordal Alpintsenter Arena Overøye, Ørsta Skisenter, Hornindal Skisenter og Volda Skisenter.

Alpepass får du kjøpt som sesongkort som gjeld på alle desse skisentra, eller du kan kjøpe kort frå 2 til 10 valfrie dagar.

Valfri dag tyder at du ikkje treng å nytte det påfølgjande dagen, men når du sjølv ynskjer dette. Det tyder at ein til dømes kan kjøpe 3 dagar Alpepass, bruke dette ein dag på éit av skisentra, kanskje vente nokre dagar eller veker, og bruke dei siste dagane på éit av dei 7 andre anlegga.

 

Sist redigert onsdag, 23 november 2016 11:36