Reise til Harpefossen

Harpefossen Skisenter ligg i Eid kommune midt i Nordfjord, Sogn og Fjordane fylke. Ta av frå riksveg 15 ved Haugen, 6 km vest for Nordfjordeid sentrum og følg skilta merka med Harpefossen, ca 5 km frå riksvegen til skisenteret.

Dersom ein kjem nordfrå på E39 frå Sunnmøre sommartid kan ein køyre den gamle postvegen frå Bjørkedalen over Brekka til Harpefossen. Dette er en fasinerande køyretur på ein gamal grusveg som snirklar seg gjennom gamalt kulturlandskap og setremiljø. Vegen går over ein rekkje gamle kvelvingsbruer og forbi rodesteinar som syner distansane frå Bergen.

kart

Vegbeskrivelse 

Sist redigert tirsdag, 05 november 2013 12:20