Langrenn

Langrenn

På Harpefossen er det eit variert og godt tilbod for langrenn med både lysløype og turløype   som blir preparert for klassisk og skøyting.

Lysløype

Med utgangspunkt i parkeringsplassane ved Tippabrua, hyttefeltet eller skiskyttarstadion har ein direkte tilgang til lysløypa som er ei rundløype på 3 km. Denne er preparert i 5 meters bredde med eit klassisk spor. I lysløypa er også ein meir kupert trase i 5 meters bredde med skøytespor som vert nytta i samband med skiskytingsarenaen. I løpet av dei siste to åra har lysløypa blitt betydelig oppgradert med betre drenering og eit lag med bark/flis på det aller meste av løypa. Det blir også arbeidd med å få bytta ut alle dei gamle lysarmaturane med nye og moderne lampar.

Turløype i dalen

Inn gjennom dalen er det ei rundløype på 8 km preparert i 5 meters bredde med eit klassisk spor. Løypetraseen går på veg og kan preparerast på lite snø ved hjelp av rull. No er også Mørvegen ferdig utbygd. Dette er ein turveg som er 2 km lang og  går på sørsida av Hjalma frå Espe til Harpefossen  og  heng saman med rundløypa Tippaskogen-Postvegen.

Turløype på fjellet

Frå og med vinterferien vert det køyrd opp turløype (utan spor) frå toppen av Kjenndalsheisen til Steinane. Man kan nå denne løype ved å ta Kjenndalsdalsheisen til topps, evt. gå opp på sida av alpinløypene.

Catskiløypene kan også brukast til langrenn og turgåing

Løypekart

Her får du oppdatert informasjon om preparering av langrennsløypene: http://skisporet.no/sognogfjordane/harpefossen

Frivillig løypeavgift

Det er Harpefossen Skisenter som har ansvar for å preparere løypenettet i Hjelmelandsdalen og fjella rundt. I tillegg til vedlike­hald av eksisterande løypenett, vert det jobba for å utvide dette med nye trasear både i dalen og opp mot fjellet. Om sommaren kan ein nytte dei 100 km med merka, graderte og skilta turløyper- og stiar med utgangspunkt frå Harpfossen.  Prisen er kr 300,- for enkeltpersonar og kr 500,- for familiar. Årskorta kan kjøpast i billettbua til Harpefossen Skisenter. Løypeavgift kan også innbetalast til kontonummer 3705.10.65426. Fyll inn adresse slik at årskortet kan sendast ut etter at innbetaling er registrert. Hugs å legge kortet godt synleg i frontruta på bilen. God tur!

Sist redigert torsdag, 11 desember 2014 11:39