Catski

Catski

1. Ljosuregga

Løypa startar ved toppen av Kjenndalsheisen på 825 moh og fylgjer eksisterande turløype rundt Kjenndalsvatnet og Kringlevatnet og opp mot Steinegga. Halvegs opp mot Steinegga dreiar løypa aust og sørover opp på ryggen som går aust mot toppen av Ljosuregga på 1205 moh.
Heile løypa går på snaufjell
Nedfartar
Nedfartar frå toppen av Ljosuregga rett sør ned i Ljosurdalen og tilbake til starten på Kjenndalsheisen på Furuhogane. Også mogleg med slakare, og totalt skredsikre nedfartar, ved å køyre søraust mot Nordfjordtoren og so runde ned i Ljosurdalen.

2. Blåsvednykjen

Løypa startar ved Kvanndalsbrua på Tippasetra. Fyrste del går opp gjennom beiter i utkant av Tippasetra og løypa svingar seg so opp på ryggen sørvest mot Sevlandsvarden. Før Sevlandsvarden svinger løypa søraust langs ryggen opp mot Lidavarden og vidare ryggen vest til Blåsvenyken.
Mesteparten av løypa går på snaufjell og på nedste delen som går i skog fylgjer ein opne beiter eller myrterreng utan trær.
Nedfartar
Denne trassen gjev moglegheit for nedfartar på heile sørsida av Tippadalen med snaufjell på dei brattaste partia øvst og skogskøyring i ope bjørkeskog ned mot Tippasetra og Nakkesetra.

3. Ljosurdalen

Løypa starter ved servicebygget på Furuhogane og kryssar Kjenndalelva og fylgjer planlagt turveg til Ljosurelva før traseen fylgjer oppover på vestsida av Ljosurelva og rett nord inn i Ljosurdalen. Inne i dalen svingar løypa saman med elva rett aust til toppen av skaret rett nord for Blåsalen. Herifrå svingar løypa rundt toppen på austsida og vestover opp på toppen.
Mesteparten av løypa går på snaufjell.
Nedfartar
Nedkøyring i 1,5 km bred sørvendt dalside med langt parti på snaufjellet før ein kjem inn i bjørkeskog med opne myrområder lenger ned mot dalbotnen. Moglegheit for å køyre tilbake til utgangspunktet på Furuhogane eller ned på turløype innerst i Brekkelida. Turløype kan fylgjast tilbake til Harpefossen.

4. Blåfjell

Løypa er felles med løype til Sandegga og Ljosuregga. Ved Kringlevatnet tek løypa vestover og rundar på nordsida av Storeggavatnet til toppen av Daleheida og evt. ryggen vidare nordvest opp til toppen av Blåfjell.
Heile løypa går på snaufjell.
Nedfartar
Utgangspunktet på toppen av Daleheida med toppane Storeegga, Blåfjell og Vardegga gjev moglegheit for mange flotte nedkøyringar som både er aust-, sør- og vestvendte. All frikøyring på snaufjell, også lite trær i botnen av dalen. Retur via den planlagde alpintraseen Dalenakkløypa.

5. Slåttefjellet

Løypa startar ved den planlagde Tippadalsvegen nede ved Tippaskogvegen, evt. ved tilknytingsløype ovanfor Tippasetra. På toppen av den planlagde skogsbilvegen Tippadalsvegen svingar løypa austover og opp ryggen mot Slåttefjellet. Frå toppen av Slåttefjellet er det mogleg å køyre vidare austover til Kringlevassegga og Såta.
Nedfartar
Denne løypa gjev moglegheit for nedfartar i ei nordvendt 2 km lang fjellside ned mot botnen av Hjelmelandsdalen med snaufjell øvst og ope bjørkeskog frå halvvegs ned mot dalen.

Sist redigert mandag, 03 februar 2014 13:36