Preparering

Preparering

Harpefossen ynskjer å gje publikum så gode løyper som mogleg enten det gjeld alpine nedfartar, langrennsløyper eller turløyper. Store nedbørsmengder, vått ver og store tempereaturendringar kan gje store utfordringar til dei som skal preparere løypene, og kvaliteten kan difor variere noko. Uansett ynkjer vi heile tida å forbetre oss og sett difor pris på alle tilbakemeldingar; både når tilhøva er gode og når dykk som brukarar meiner tilhøve ikkje er gode nok.

Tilbakemeldingar kan gjevast på Facebook, på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller telefon til driftsleiar/dagleg leiar. Ta gjerne kontakt med oss personleg i skianlegget.

Alpinløyper

Alle nedfartar skal preparerast framfor kvar dag i helgane, så langt snøforholda tillèt det. I kaldt og stabilt vêr blir dette gjort på kveldstid. I periodar med sjanse for snøfall blir det gjort tidlig morgon/føremiddag.
Framfor kveldskøyringane areal som ligg innanfor flomlyset si rekkevidde preparerast.

Lysløypa og turløyper i dalen

I den mest kuperte delen av lysløypa som vert nytta av skiskyttarane vert det berre preparert for skøyting. Alle andre langrennsløyper vert preparert i 5 meters bredde med eit klassisk spor på sida og resten av bredda for skøyting. Lysløypa blir preparert før kl 16:00 tysdag og torsdag og før kl 10:00 onsdag, fredag, lørdag og søndag. Turløypene innover dalen vert preparerte etter behov på vekedagane og før kl 10:30 laurdag og sundag.

Turløyper på fjellet

Frå vinterferien blir det køyrt løype i Kjenndalen og på Steinegga i helgar med fint vêr. Løypa vert ikkje preparert med spor.

Trakkemaskiner

  • PistenBully 600 Park, med sporleggar,  2015 mod
  • PistenBully 600 med winsj,  2013 mod.

Tryggleik

Hald størst mogleg avstand til trakkemaskinene. Trakkemaskiner som beveger i alpinanlegget i opningstida skal ha lyd- og lyssignal. Men utanom opningstid har ikkje maskinene lydsignal og det er difor forbunde med stor fare å køyre nedover alpinløypene i større hastighet enn at ein kan stoppe dersom ein trakkemaskin køyrer andre vegen. I dei bratte delane av alpinanlegget nytter trakkemaskina vinsj ved preparering. Sjølv om den kan sjå ut som wiren ligg i ro i snøen kan wiren utan forvarsel raskt bevege seg mange titals meter sidevegs. Det er difor strengt forbode å gå over eller under wiren ved vinsjing. I langrennsløypene er den største faren forbunde med fresen bak på maskina og det er svært viktig å halde god avstand til denne.

Sist redigert tirsdag, 22 mars 2016 16:10