Servering

Servering

Det er to kafear på i Harpefossen Skisenter; Varmestova nedst i anlegget på Harpefossen og Servicebygget ved påstiging Kjenndalsheisen på Furuhogane.

Tilbod
Menyen i kafeane er varm drikke (kaffe, te og sjokolade), kald drikke (brus, leskedrikk) og enkle rettar (pølse, pizza, hamburgar, toast, vaflar) i tillegg til sjokoladar.

Opningstider
Kafeane er ope i skisenteret si opningstid. På kveldskøyring er ikkje serveringa ope, men Varmestova er ope og det er automatar for brus, varm drikke og snacks.

Grilling i bakken
På finvêrsdagar i vinter- og påskeferien er det grilling av pølse og hamburgar i bakken på Furuhogane.

Afterski
På finvêrsdagar i vinter- og påskeferien er det afterski på Furuhogane rett etter at heisen stenger.

Gapahuken
Gapahuken ligg i ein liten skog i midt i skileikområdet. Her er det bålpanner ute og inne, ved og moglegheiter for å grille sin eigen mat.

Meny Varmestova

Meny Furuhogane

Sist redigert mandag, 03 februar 2014 13:08