Skiutleige

Skiutleige

Opningstider

Skiutleiga er i prinsippet open når skiheisane er opne. Om du skulle møte stengt dør, ta kontakt med kiosken i Varmestova, billettbua eller ring nummeret som er oppgjeve. 

Skiutleige/skishop

Harpefossen Skiutleige & Skishop finn du i kjellaren på Varmestova Her kan du leige nytt og moderne skiutstyr til fornuftige prisar. Vi har alpinutstyr, snøbrett og turski, alt er relativt nytt og av god kvalitet. 
Vi har også briller, fangreimar, luer og vottar, fleecejakker og genserar til sals.

Skiverkstad

Vi kan også tilby preparering av ski og snøbrett. Vi har kjøpt inn maskiner til sliping og voksing av ski og snøbrett, og personalet har fått opplæring i bruk av utstyret. Dette omfattar sliping og voksing av såle og sliping av stålkantar. Vi er sjølvsagt også hjelpsame med justering og innstilling av bindingar.

 Du kan kontakte oss på  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Sist redigert fredag, 07 februar 2014 12:16