Aktivitetar vinter

Alpint

Harpefossen Skisenter har eit komplett og variert alpinttilbod til heile familien. Her kan du velje i ei rekke nedfartar av ulik lengde og vansklegheitsgrad og området byr på svært gode forhold for laussnøkøyring. Vi har også eigne barneheisar som gir tilgong til eit stort skileikområde.

Sjå løypekart

Heisbasert frikjøring

I fjellsidene rundt toppen av skitrekka er det store områder som ikkje vert preparerte. Her finst det kneikar og heng både ovanfor skoggrensa og nedover i bjørkeskogen, og her er alltid mykje snø.

Sjå løypekart. Tenk alltid sikkerhet!

Terrengpark

Park og skicross på Harpefossen
Vi har som mål å ha det beste tilbodet i regionen på områda park og skicross, med spesiell fokus på barn og unge. 

Sjå løypekart 

Skileik

Harpefossen har som målsetnad å ha det beste skileikområdet i regionen. Nederst på Harpefossen rett ovanfor Varmestova, har vi eigne barneheisar som gjev tilgong til eit stort skileikområde med mange forskjellige løyper og aktivitetar. Midt i området er ein gapahuk med bålpanne og grill.

Skiskyting

Rett aust for Varmestova på Harpefossen ligg eit komplett skiskyttaranlegg for trening og konkurranse både vinter og sommar. 

Sjå skisporet.no for oppdatert informasjon om preparering av løyper. 

Langrenn

Med utgangspunkt frå Harpefossen er det eit variert og godt tilbod for langrenn med både lysløype og turløype som blir preparert for klassisk og skøyting.

Sjå skisporet.no for oppdatert informasjon om preparering av løyper. 

Toppturar

Den lettast tilgjengelige toppen er Storegga (960 moh) som du når på ein halv times tid frå toppen av Fjellheisen (777 moh). Frå toppen av Kjenndalheisen (825 moh) er det berre 20 minutt å gå til Øyanakken (871 moh). Blåsalen (1.008 moh) er tilgjengelig ein knapp times gange frå toppen av Kjenndalsheisen. Vi kan også anbefale Ljosuregga (1.205 moh) som ligg om lag 1,5 timars gange frå toppen av Kjenndalsheisen. 

Sjå løypekart

Aking

Harpefossen Skisenter eig 10 kjelkar som er spesiallaga for aking i alpinanlegg og tilbyr utleie av desse til avtala arrangement.

Aktiviteten passar godt til bedriftsarrangement eller bursdagsselskap, og kan kombinerast med at ein nyttar gapahuken kor ein kan grille og kose seg mellom akeøktene.