Haugen Alpin har tilbod til skiløparar i alle aldrar som ynskjer å drive med alpinsport, uansett nivå. Alpin er ein glimrande familieaktivitet, der alle har moglegheit å utfolde seg på eigne premissar samtidig som ein er saman i bakken. I tillegg for ein anledning å vere ute i frisk luft og i nærkontakt med elementa.
Alpin skiidrett er ein fellesnemning for utfor, slalåm, storslalåm, super‐G og frikøyring. Gjennom deltaking i alpint idrett vil utøvarane spesielt utvikle gode ferdigheiter når det gjeld balanse, koordinasjon, rørsle, styrke, uthald og spenst. Det er ingen aldersavgrensing korkje nedover eller oppover for å delta på trening og renn. Og for dei som ikkje vil vere med aktivt, vil det alltid vere bruk for nokon som kan hjelpe til med praktiske gjere mål både på trening og i konkurranse.
Medlemskap i Haugen IL
I og med at Haugen Alpin er ei undergruppe i Haugen Idrettslag, må ein vere medlem i idrettslaget for å vere med i alpingruppa. Medlemmar i Haugen IL har automatisk forsikring som gjeld både under organisert trening og i konkurransar.