Vi har nytta dagane med minusgrader godt, og fått produsert ein del kunstsnø. I tillegg har vi fått noko natursnø siste tida, så vi kan tilby brukande forhold i langrennsløypene.
Det er meldt vekslande verforhold med mildver og regn siste veka i november, og litt kaldare ver fyrste veka i desember, så vi planlegg for å opne delar av anlegget laurdag 7. desember.
Vi minner om at nettbutikken er open for salg av sesongkort og familiepakkar med 10% rabatt fram til julafta. Perfekt gåve til heile eller deler av familien!